torsdag 21. juni 2012

Sommarferieklar


Feriestart i kveld og for ein start !!! Etter nokre dagar med høgst naudsynt regn, (slik at skogbrannfaren er redusert og vi kan kveikje jonsokbål på lørdag,) har det i dag vore superduper flott og varmt vær igjen, 
me like :-)
Å starte ferien slik er berre fantastisk kjekt og godt.
No gler vi oss til sol, sommar, bading, båtliv, hyttekos, grilling, late morgonar og seine kveldar, turar og besøk og ALT anna som desse komande vekene gir anledning til.

GOOOD torsdagskveld til alle :-)

onsdag 20. juni 2012

Tidenes hagelampar

Sidan sommarsesongens uteliv er komen til dalstrøka her utafor,
 byr eg i kveld på eit lekkert kjolebilde av Tim Walker.
Heftig hagepartystemning med slike kulissar :-)

Foto : Tim Walker

Trur det må bli anna sort belysning når eg arr. hageparty men lar meg inspirerande av denne varianten her.

God onsdagkveld herifrå :-)

mandag 18. juni 2012

Black and white

Då er ei ny veke klar til å takast i bruk. Rydding hist og pist står på planen min i dag, bl.a  i sommargarderoben, og då fekk eg lyst å vise nokre snasne bilder frå Summmer Fashion 2012.




Black and white har vore og er framleis populært i mange samanhengar, t.d. interiør og klede, likeeins grafiske mønster og blomstermønster. Garderoben min er mange hakk kjedeligare enn dette, men med inspirasjon frå nettet og ulike bloggar, øyner eg nytt håp for nokre av habittane mine :-) 
svarte og kvite plagg har eg hvertfall :-)

Det er eit utrykk som heiter : "Ute av øye ute av sinn", men har eg det ryddig i skuffer og skap har eg det litt ryddig i hovudet også. Det er alltid ok å kvitte seg med rot og rask som samlar seg opp og etterpå saknar eg det sjeldan eller aldri. Det er også kjekt å kunne bidra med ein leveranse til bruktbutikken i same slengen.

God og ryddig mandag herifrå, klem

søndag 17. juni 2012

Soft søndag


I dag har eg hatt ein soft søndag. Deilig å roe ned og ladde batteria for ei ny veke. 
No er det sofatid med ei god bok og deilig fruktte i koppen.

Neste veke er siste arbeidsveke før ferien brakar laus, herleg :-) men den komande veka har mange gjeremål så det spørs kor mykje blogging det blir tid til...... Uansett blir den hektisk men bra.

Under viser eg eit sneak-peak bilde av eit syprosjekt eg held på med. Må ha meir elastisk tråd for å få gjort det ferdig, så skal eg vise. At stoffet kjem frå bruktbutikken kjem vel ikkje som ei bombe på nokon.....

Skjønt tynt bomullsstoff med "gulltrykk", nesten så ein enkel vestlending får litt India-feeling :-)

Ynskjer alle som kikar inn her ein saliggjerande søndagskveld som oppladding til midtsommarveka :-)

lørdag 16. juni 2012

Sommar, sushi og scampi

Eg byr på bilder frå ein superkjekk kveld i går med sushi på heimebane. Gry og Iselin laga den gode maten til oss og som Iselin sa : kan ikkje vi reise til byen, må byen komme til oss ; då må vi lage sushien sjølv :-)

Askvoll sjømat og delikatesse hadde heldigvis salmalaks så då var kvelden redda på matfronten. http://www.facebook.com/pages/Askvoll-Sj%C3%B8mat-Delikatesser-AS/349124055931





Makirullar er godt. Jentene laga nokre med laks, vårløk og agurk og nokre med kamskjell, avokado og vårløk. Scampiane var først marinerte i ein chilisaus og deretter fresa litt på steikepanna. 
Enkelt og veldig godt !!!


Ein god kveld i godt selskap. Tusen takk for besøket :-)

Ha ein fin laurdagskveld :-)



fredag 15. juni 2012

Maratonmoro

 I dag er det fredag igjen og hu hei kor fort dagane og kveldane fyk avgarde. 
Denne veka har vore fyld med MASSE kjekke aktivitetar. Pangstarten mandag i Bergen var heilt uvirkeleg men fantastisk kjekk, og utover i veka har det berre fortsatt og fortsatt. Eg har den bestaste heiagjengen kring meg og skulle ynskje alle hadde det slik. Mi maratonmoro har vore slik : langjobbing tirsdag, bursdagsfeiring onsdag samt planleggingsmøte for jonsokfeiring og ein utruleg kjekk og høgtidsstemt avslutningsfest for 10 klasse og yngstejenta vår Ane i går kveld på Askvoll skule og så, beste dagen i veka i dag, kan ikkje få det betre.


Mammaen min har bursdag i dag, HURRA for deg. Eg skal på besøk der før vi sjølv får besøk i kveldinga.
Gry og Iselin skal lage sushi og scampi til oss, så skal vi og dei andre som kjem kosedose oss og nyte såvel mat som sommar.


Herleg pavlovakake frå Liv sin bursdag på onsdag. Bakedama i meg må lage ei slik i dag, det er så smaskens godt :-)
 Vi har eit herleg vær for tida og det gjer underverk for kropp og sjel. Ekstra kjekt er det at det er slik dag etter dag etter dag :-) Før bursdagsbesøk og sus og dus i kveld skal eg vere husmor i heimen og ta ein shining på "sommarhuset" her, det trengs kan eg love Dykk etter ei veke på farten frå morgon til kveld. Det er no igrunnen kjekt arbeid det også med tanke på det ferdige resultatet.
Men aller først : kaffikos i morgonsola og dagens nyhende.

Duken, truleg frå det glade 70-talet, har ein herleg fargekombinasjon og er eit funn frå bruktbutikken.


God fredag og god helg, klem

tirsdag 12. juni 2012

Grønn glede 5

Ripsbær med vaniljesaus er ein av sommarens sursøte deilig desserter.
Desse her gir lovnad om eit par slike nåre det lir på.


I forrige innlegg skreiv eg om matauk, men eg kan nok ikkje skryte på meg at desse to ripsbærtrea skal syte for det heller. 
Desse kjem nok også i kategorien hobbyhagebruk, men gir glede og nytelse på sitt vis.
Når det er sagt har så eg ein plan om å plukke ripsbær hjå nokon som har rikeleg av den salgs og lage saft og gele på seinsommaren i år. Litt anna bærplukking må det også bli, så matauk vert det her på neset.

Fine og lysegrøne kart med beskyttande bladverk kringom. 
Naturens eigne verk er verkeleg finurleg fint laga og tilpassa omgivelsar og vekstvilkår. 

Tirsdagen er her og bankar på døra med sine gjeremål, så eg ynskjer han velkomen i trygg forvissing om at hobbyhagebruket mitt gjer jobben sin medan eg er på jobb og gjer min.

I ettermiddag skal eg vatne og gjere mitt for grødens vekst og plante lupinfrø så dei får naboar. 

Klem og god tirsdag herifrå.